Sider

Mange bekkar små gjer ein stor å

Godt nyttår!
Det er ikkje alle som meiner at nyttårsfortsett er noko tess, ofte vert det kanskje tomme mål som ein ikkje følger opp. Men eg synes det er fint å setje seg nokre mål, legge litt planar og ha nokre ambisjonar for framtida. Så eg har ein god del nyttårsfortsett i år òg. Til dømes det vanlege som å trene og øve meir. Utanom det så har eg nyttårsfortsett om å vere meir miljøvennlig, vere enno meir nyfiken på andre kulturar, og å framsnakke folk som inspirerer meg.

Så i dag vil eg framsnakke MaDam, som er eit feministisk bloggkollektiv som oppdaterer deg på dagsaktuelle feministiske saker og som stiller spørsmål til ting som ikkje er så bra. Sakene dei skriv er lettleste, ofte litt humoristiske og veldig aktuelle. Trykk her for å lese. 


Og så tilslutt, viss du òg har som nyttårsfortsett å vere meir miljøvennleg, så vil eg tipse deg om å leite etter svanemerka telys og å hugse på å resirkulere metallkoppen når lyset er brent ut. Alt du gjer for å vere litt meir miljøvennleg hjelper!

Ha ei fin veke!
Ma-le-na

Små grep for miljøet: Kutte ned på kjøttet

Håpar du har ein fin sommar! Eg er allereie ferdig med sommarferien og har jobba i ei veka. Men det er fint å jobba i ferien og.

Denne veka i Bergen har eg vore heime åleine og då er det fint å ha vegetarveka. Eg har ikkje vore så veldig kreativ i matvegen så eg kjem ikkje til å dele nokon oppskrifter med dåke her, men eg kan tipse  om å sjekke ut veganmisjonen som har knallmange spennande vegetaroppskrifter. For der me verkleg kan gjere eit løft for miljøet er med å kutte ned på kjøttet me et. Ein treng ikkje å vere vegetarianar, men ein kan til dømes ha ein kjøttfri dag i veka eller ein kan prøve å kutte ned på kjøttet og leggje til meir grønnsaker eller ev, belgfrukt. Eg toler ikkje så godt bønner og linser men bruker t.d. ofte peanøtter eller ulike frø i maten eg lagar.

Framtida i våre hender illustrerar det veldig fint her :


Snillare grilling:
Kjøp deg ein liten fleirgongsgrill til å ha med i parken. Eingongsgrill er ein miljøversting. Det er kosleg og litt ekstra stas synes eg med ein litt meir skikkeleg grill enn eingongsgrillen.

På grillen kan ein ha endelaust med grønnsaker på grillspyd eller i folie, det vert godt nesten uansett kva du putter i.  Eit tips som eg ofte brukte då eg var vegetarianar på fulltid er å ha marinade på grønnsakene då vert dei ekstra gode. Ein kan og grille både salat, vassmelon og annanas. Vær kreativ og miljøvennleg i sommar. God sommarklem til deg!


Ma-le-na

Litt snillare kosmetikk

No er det ikkje sånn at eg skal kome med sminketips og sånt her på bloggen, det er eit område eg har minimalt med kompetanse. Men eg som mange andre må vaske håret og gå med deodorant for å føle meg fresh nok til å ta steget ut i verda. Og deodorantar er jo noko av det minst snille og minst miljøvennlege me kan utsettje både oss sjølv og kloden for. Så eg har lenge leita etter noko som virkar, men som er litt snillare. De har sikkert også fått med dykk den nye allergien som kjem av eit konserveringsmiddel kalla MI- les meir her og her. Og produkta til LUSH er som eg kan sjå heilt fri for MI. Dei testar heller ikkje på dyr og er økologiske- vin,vin,vin!

Eg har handla eindel på LUSH  og her kjem to produkt som eg kan gå god for. Tørrshampoen deira No Drought som har vore ein av mine beste venner på travle dagar dei siste 2 åra. Det er fordi 1. den varer heilt utruleg lenge. 2. den klør ikkje sånn som eg opplever med dei andre tørrshampoane eg har prøvd på sprayboks. 3. den funkar og gjer at eg slepp å vaske håret. Der er veldig bra dei gongene eg eigentleg hadde planlagt ein dusj før forelesing men klarar å sove vekk heile dusjen.


Deodoranten som er den einaste eg har prøvd i frå LUSH heiter The Guv´ner og ho i kassa sa den var laga for menn, men ho sa også at det var den som var best på svette. Difor tok eg den sjølv om den luktar lavendel og eg ikkje er veldig begeistra for sterk lavendellukt. No har eg testa den, til og med på improvisasjonseksamen som eg grua meg veldig for, den er altså prøvd på det me her i huset kallar "stressasvetta" og den virkar. Eg synes at den lukter litt annleis når eg er veldig svett, og eg held framleis på å venne meg til det. Men når eg spør folk om eg lukter rart så seier dei nei, så tek det som eit teikn på at den virkar eller at eg har dumsnille venner.  Det beste av alt med den ingen alliminium og minimalt med plast. Og så varer den evig lenge. Heia økologisk og snill kosmetikk. Prøv LUSH eller eit anna merke som er snill med naturen. For meg har det vore veldig positivt og i eit anna blogginnlegg skal eg skrive litt om shampobarane deira som er heilt utan embalasje og så skal eg hylle såpestykket. Stay tuned.
Trykk her for å kome til nettsida deira.

Dette er ikkje eit sponsa innlegg. Det er skrive heilt på eige initiativ.

Ma-le-na